Huset vårt ligg i Quesada, like utafor Torrevieja.
Det er 25 min. kjøretur frå flyplassen i Allicante, som har gode flyforbindelsar med heimlandet heile året.
Søndagane har direktefly frå Sola og omvendt. Det tek berre i overkant av 3 timar.
Her ser me litt av stova og deler av kjøkkenet. Interiøret er moderande i lyse fargar og meir europeisk enn spansk i stilen.
Huset har eit areal på 135 m2 i 2 etasjar . I tillegg er det stor takterasse. Det er romslege bad i begge etasjane og me har palme i hagen.
|
 |
 |
Her ser me ut frå det eine av ialt 3 soverom. Alle soveromma har tilgong direkte ut til store terassar, så soltilbedarane kan boltra seg uavhengig av tid på dagen.
På takterassen kan ein i tillegg til sola, eller skuggen om ein vil det, nyta flott utsikt mot havet, fjella eller byen vår, Torrevieja.
I nærområdet Quesada finn me alt me treng til dagleg innafor 10 minuttar spasertur. Her er alt frå hotell, små resturantar og daglegvare-butikkar til golfbane.
|
Huset vårt ligg eit stykke frå sjøen, men vil du bada er det berre å gå ut kjøkkendøra, så ligg bassenget nokre meter borte. Her er og eit lite barnebasseng i tillegg til park.
Vil du berre nyta livet, så innbyr skuggen under ei av palmene til det.
|
|