Sist oppdatert 8. april 2021

Jobb hjå oss

Jobb Hjå Oss
Med jobb i BG Suldal er du ein del av eit sterkt faglig felleskap. Me er stolte av det arbeidet me utfører.

Sikkerheit - eit trygt og godt arbeidsmiljø er det viktigaste.

Me vil at alle skal komma like heile heimatt frå arbeid.

Me legg vekt på ordna arbeidstider og vilkåra i gjeldande tariffavtaler.

I BG Suldal er me opptekne av å rekruttera unge til bransjen vår. Utan unge krefter kjem me ikkje vidare.

Er du interessert i å bli lærling eller søkje arbeid hjå oss, vil me oppfordre DEG til å ta direktekontakt med dagleg leiar Jan Moen på telefon 98 25 98 00.

Me treng alltid gode fagfolk innan anleggsmaskin- og betongfag.