Sist oppdatert 12. desember 2017
Håra Kraftverk

Håra Kraftverk

BG Suldal AS er tildelt arbeida med å byggja Håra Kraftverk i Røldal.

Oppdragsgivar er Håra Kraft AS.

Det skal byggjast kraftstasjon og 3 inntaksdammar.
Vatnet skal førast i røyr med diameter 1200mm på hovudleidningen og med noko mindre dimensjonar på sideinntaka.
Total røyrlengde vert ca. 1500 meter.

Arbeida starta 21. mai 2013 og på trass av 3 veker forsinka oppstart, håpar ein å verta ferdig med storparten av jobben i haust.