Hus i Quesada - Spania
BG Suldal AS har kjøpt feriehus i Spania
 |
 |
| |
Huset vårt ligg i Quesada, like utafor Torrevieja.
Det er 25 min. kjøretur frå flyplassen i Allicante, som har gode flyforbindelsar med heimlandet heile året.
Søndagane har direktefly frå Sola og omvendt. Det tek berre i overkant av 3 timar.
|
|
Her ser me litt av stova og deler av kjøkkenet. Interiøret er moderande i lyse fargar og meir europeisk enn spansk i stilen.
Huset har eit areal på 135 m2 i 2 etasjar . I tillegg er det stor
takterasse. Det er romslege bad i begge etasjane og me har palme i
hagen.
|
 |
 |
Her ser me ut frå det eine av ialt 3 soverom. Alle soveromma har
tilgong direkte ut til store terassar, så soltilbedarane kan boltra seg
uavhengig av tid på dagen.
På takterassen kan ein i tillegg til sola, eller skuggen om ein vil
det, nyta flott utsikt mot havet, fjella eller byen vår, Torrevieja.
I nærområdet Quesada finn me alt me treng til dagleg innafor 10
minuttar spasertur. Her er alt frå hotell, små resturantar og
daglegvare-butikkar til golfbane.
|
|
Huset vårt ligg eit stykke frå sjøen, men vil du bada er det berre å
gå ut kjøkkendøra, så ligg bassenget berre nokre meter borte. Her er og
eit lite barnebasseng i tillegg til park.
Vil du berre nyta livet, så innbyr skuggen under ei av palmene til det.
|
 |
|
|
|
|