Miljøfyrtårn-sertifisert

Helse, miljø og sikkerheit - me eig innhaldet i vårt system

Sidan tidenes morgon, og lenge før dei aller fleste av oss hadde spesielt mykje kjennskap til kvalitetssystem, starta BG Suldal as sitt arbeid med å setje HMS i system. Me tok eit aktivt val og laga vårt eige system kor praksisen vår blei nedfelt i eit skriftleg dokumentasjonssystem.

Det tykkjer me er ganske kult!

Dokumenta, innhaldet og omfanget har me halde på eit nivå kor me enda har eit forhold til både innhald, funksjon og betydning. Innhaldet og omganget har videre levd og blitt utvikla i tråd med utviklinga i bransjen og regelverket. Omganget av dokumentasjon har generelt i samfunnet eskalert i takt med den økonomiske utviklinga i landet, og i samband med den formelle Miljøfyrtårn-sertifiseringa har me fått sett kor lenge firmaet faktisk har arbeida systematisk med omsynet direkte knytta til miljø. Vårt system er passeleg stort, men det viktigaste av alt er at me har eit forhold til det me har laga og skrive av innhald.

Miljøfyrtårn-sertifisert

Nå har me formalisert og konkretisert HMS- og kvalitetssystemet vårt ytterlegare, og starta året med Miljøfyrtårn-sertifisering!

Bærekraft og FN sine overordna mål for bærekraft

Me har plukka ut fem av FN sine overordna bærekraftsmål som BG Suldal as kan påverke via våre val, vår drift, rådgiving og bevisstgjering hjå tilsette og kunden gjennom kvaliteten me leverer på alle våre leveransar.