Jon-Inge Vetrhus trenar.
Oktober 2010
Jon-Inge reiste heim ei helg i oktober med planar om å gå på
rulleski. Men så kom snøen tidleg denne hausten. Det blei ca. 45 cm snø
ved Mosvatnet i Bråtveit og supre skiforhold. Dermed blei det heller
langrennsski enn rulleski denne gongen.
Treninga til Jon-Inge har gått etter planen denne sommaren og
hausten, så han ser spent fram til vintersesongen. Snart reiser han på
treningssamling i Thorsby i Sverige.


Jon-Inge starta det nye året 2010 med ei intervalløkt på ski.

125 km blei tilbakelagt på rulleski då Jon-Inge gjekk frå Bråtveit til Hovden 30. juli.

26. juli hadde Jon-Inge ein treningsøkt i lag med langrennsløparar frå Noreg, Finland, Tyskland og Frankrike.

Elles varierer Jon-Inge treninga i sommar med løp, sykkel, fjellturar og hardt fysisk arbeid som jamning i silo.
Jon-Inge vil halda fram med langrennssatsinga. Han har
enda ikkje tenkt så mykje på neste sesong eller sett seg ei spesiell
målsetting. Men han gleder seg til å byrja på Hovden skigymnas til
hausten. Der vil han få treningskamerater som er på same nivå eller
betre. Jon-Inge håper at det vil hjelpe til å løfte han opp på eit enda
høgare nivå i langrennssporten.
Skarverennet 19.04.08
Jon-Inge deltok i Skarverennet på Geilo. Blant 39 deltakarar i klassen ungdom gutar, greide Jon-Inge å koma på 7. plass.
Madhusrennet
Madhusrennet på Øverby skistadion på Gjøvik stod 10. februar. Dette var eit greitt løp for Jon-Inge. Han vann sin klasse.

Jon-Inge og Vidar Igeltjørn. Han hjelper til med teknisk trening.
AB Cup
Laurdag 9. februar
gjekk Jon-Inge Trollrennet på Høgås ved Evje. Dette rennet var eit av
seks renn i AB Cup'en som blir skipa i Agder & Rogaland skikrets.
Jon-Inge har delteke og vunne i 4 av 6 renn. Dermed vinn han cupen
samanlagt i klasse G-16. Kretsmeisterskapet som gjekk på Sinnes i Sirdal
26.-27. januar inngjekk i denne cupen.
Oslo Skifestival
Jon-Inge deltok på Oslo Skifestival 12. og 13. januar. Laurdag vart plaseringa nr 8 i 5 km fristil. Han var 39 sekunder etter førstemann. Tilsaman var det 88 deltakarar i hans klasse.
Søndag vart plaseringa nr 9 i 5 km jaktstart klassisk. I dette løpet var det 73 løparar i hans klasse.
Med unntak av to løparar deltok dei beste i landet i hans klasse. Ingen av løpa var optimale for Jon-Inge sin del, han manglar enno litt på toppformen. Dette kan skuldast sjukdom i juletider. Han er likevel brukbar nøgd med plasering blandt topp 10 nasjonalt.
Vidare løpsprogram framover vert:
19.-20. jan Saudasprinten
26.-27. jan Kretsmeisterskap Sirdal
10-17. feb treningsveke på Hamar
29.feb- 2. mars hovedlandsrennet (NM Tynset)
Etter Hovedlandrennet er programmet enno ikkje klart bestemt.
Opningsrenn på Hovden
Første helga i desember vann Jon-Inge i sin klasse i opningsrennet på
Hovden. Det var skiløparar frå Rogaland, Aust og Vest Agder som
konkurrerte.

Sesongen 2006-2007
I hovudlandsrennet (uoff. NM) i sprint fekk han topp 5 av 269 deltakarar. Han greidde topp 8 i fristil i hovudlandsrennet med 274 deltakarar.
I Ungdomsbirken på
Lillehammer fekk Jon-Inge andre plass i klassen gutar 15 år. Han blei
slått med berre 11 sekund. I dette løpet var det 155 deltakarar.

