BG Suldal AS har sidan hausten 2004 levd i ”partnerskap” med to klassar på Vinjar Skule.
Denne artikkelen stod på trykk i bladet Anleggsmaskinen nr. 12-2007


Samarbeidet har mellom anna som mål at elevane skal oppleva korleis teori vert omsett i praksis ute på arbeidsplassane.
Ein ønskjer mellom anna å syna
at kjedeleg skulestoff er nyttig lærdom for å kunna arbeida med
interessante oppgåver den dagen ein kjem ut i arbeidslivet.
Andre aktivitetar kan vera besøk på arbeidsplassar, yrkesorientering og praktisk undervisning.
Fleire detaljer om samarbeidet finn du med å lesa avtalen.
