Sist oppdatert 21. mai 2012

Sandvolleyball- jentene Ragnhild Aas og Siri Bjørkesett

Sandvolleyballsesongen er i godt gong. Ragnhild og Siri er for tida Noregs fjerde lag.

Sandvolleyballsesongen er i godt gong. Ragnhild og Siri er for tida Noregs fjerde lag.

"Jentene våre",  Ragnhild Aas (24) og Siri Bjørkesett (25), har fleire ambisjonar for 2008. Dei ønsker å vinna Norgestouren samanlagt, delta i World Tour og få ein semifinaleplass i NM. Ragnhild og Siri fungerer så godt i lag, at det fristar dei å sjå kor langt dei kan koma. Dei har difor bestilt billetter til ein turnering i Lichtenstein i byrjinga av august, samt ein turnering i Polen i byrjinga av september. VM i Stavanger 2009 er enda eit mål dei jobbar mot.

Jentene har sin eigen blogg: www.sandvolleyball.no/index.php?Siri

 

I utlandet

I Liechtenstien var Siri og Ragnhild og spelte Satellite turnering. Der møtte dei eit lag frå Spania i den første kvalifiseringskampen. Det blei ein tøff motstand. Siri og Ragnhild hang godt med, men måtte gi tapt 2-0. Likevel ser dei på det som ein god matchtrening og erfaring som dei tek med seg vidare.

 

NM

Siri og Ragnhild hadde ei god treningsveke før NM. Det gav resultat. I NM kom dei til semifinalen. Der møtte dei Noregs førstelag. Jentene spilte godt, men tapte 2-0. I bronsefinalen spilte dei møt Noregs tredjelag. Den kampen starta bra for Siri og Ragnhild. Dei vann det første settet og byrjinga på det andre settet gjekk også godt. Men dei blei henta inn igjen og tapte denne kampen også. Dermed endte det på ein 4. plass i NM. Siri og Ragnhild var egentlig fornøyd med resultatet, sidan dei ranka som nr. 4 i utgangspunktet.

 Click to enlarge   Click to enlarge

Click to enlarge

Hammerfest 11.-13. juli

Denne helga blei det arrangert Artic Open i Hammerfest. Dette er ein turnering i Norgestouren. Ragnhild og Siri vant dei to første kampene, og møtte deretter god motstand i semifinalen. Dei tapte det første settet, men greidde å ta seg saman slik at dei vann dei to neste setta. I finalen blei det vanskelegare. Her vann dei første settet og tapte det andre settet. Spelet var lenge jamnt, men Ragnhild og Siri måtte sjå seg overvunne til slutt.

Click to enlarge

 Click to enlarge    Click to enlarge

Asker 4.-5. juli

Ragnhild og Siri vant nok ein gong ein Noregs turnering. Sola strålte på laurdagen, mens det blei regnvêr på søndagen. Uansett greidde jentene å gå seirande ut av turneringa utan å gi vekk eit einaste sett.

Click to enlarge

Click to enlarge  Click to enlarge Click to enlarge  Click to enlarge   

World Tour

Tysdag 24. juni spelte jentene 1. runde i kvalifiseringen i World Tour Stavanger. Dei spelte mot eit bra  amerikansk lag som verkeleg gav dei utfordingar. Jentene blei ikkje overraska over at dei tapte, men tykte likevel kampen var moro.

 

Tønsberg 14.-15. juni

Denne helga greidde  Ragnhild og Siri å koma på 1. plass i turneringa. Det lover bra for sesongen vidare.

Click to enlarge

Turneringar dei ønsker å delta i:

Norges Tour  
Kolbotn 31.05-01.06
Ringerike 06.06-08.06
Tønsberg 14.06-15.06
Kristiansand 20.06-22.06
Asker 04.07-05.07
Hammerfest 11.07-13.07
Karmøy 19.07-20.07
   
EM-runder  
Blackpool, England 11.09-14.09
   
World Tour  
Stavanger, Norge 23.06-28.06
Kristiansand, Norge 25.08-30.08
   
Senior NM i Kristiansand 25.07-27.07

 

Click to enlarge     Click to enlarge

Dette er første året Ragnhild Aas og Siri Bjørkesett er eit team. Tidlegare har Ragnhild vunne Norgestouren samanlagt. Ho har også 5. og 3. plass frå NM i 2006 og 2007. Innendørs spelar ho i eliteserien og har ein plass på landslaget. Siri har deltatt i Norgestouren dei siste sesongane med fleire gode resultat. Ho har 7. og 5. plass frå NM i 2006 og 2007.