Med
jobb i BG Suldal er du ein del av eit sterkt faglig felleskap. Me er
stolte av det me gjer. Sikkerheit og eit trygt og godt arbeidsmiljø er
det viktigaste.
Me legg vekt på ordna arbeidstider og vilkåra i gjeldande tariffavtaler.
Det sosiale arbeidsmiljøet er også viktig. Me legg ned mykje i det sosiale i bedrifta gjennom sosiale samkome og faglege turar.
I BG Suldal er me opptekne av å rekruttera unge til bransjen vår.
Utan unge krefter kjem me ikkje vidare. Er du interessert i å bli
lærling, er det berre å ta kontakt med dagleg leiar Jan Moen på telefon
98 25 98 00.
Me treng også alltid gode fagfolk innan anleggsmaskin- og betongfag.
