Sist oppdatert 7. august 2017

Våre mål

Våre mål

BG Suldal AS har som mål å vera kjent som ein seriøs og leiande entreprenør i Ryfylke regionen. Me legg vekt på HMS, kvalitet, kapasitet, fleksibilitet og lønsam drift.
Me har som mål å skapa tryggleik hjå den einskilde kunde, oppnå avtalt kvalitet til rett tid og pris, samt skapa god trivnad for alle tilsette og bevisstgjera den einskilde på kvalitet.

 



BG Suldal AS ynskjer å:

  • yta best mogleg service og kvalitet til konkurransedyktige prisar.
  • tilby kapasitet når kunden treng det.
  • hjelpa til med å gi lokalsamfunnet ei positiv utvikling.
  • tilby opplæring til ungdom innan våre fagområde.
  • vera med å påverka til gode utdanningstilbod i distriktet.
  • ha god kontakt med ungdom som skal velja utdanning.
  • hjelpa til med at ungdom vel å busetja seg i Suldal

Satsingsområde
Ryfylkeregionen, Nord-Rogaland, Vest Telemark og deler av Hordaland fylke.

Sterke sider
Kvalitet, kapasitet, påliteleghet, forutsigbarhet og leveringsdyktighet

Me er medlem i

  • Maskinentreprenørenes Forening
  • Suldal Handel & Industriforening
  • Opplæringskontoret for Berg- og Anleggsfag
  • Rytopp
  • Støttebedrift i drifta av Anlegg og Bergverkslinja på Sauda Vidaregåande skule
  • Læring i Næring