BG Suldal AS er tildelt arbeida med å byggja «Hyttenaust» ved Holmavatnet.
Oppdragsgivar er Hydro.
Arbeida starta i slutten av september, og ein vert ferdig med storparten av jobben i haust.
Det særprega med dette arbeidet er at det er bygt i betongelement som framtrer som bordkledning.
Arbeidsplassen ligg i høgfjellet og vert fullført til sommaren.
