Språkpraksis i bedrifta

Dmytro er frå Ukraina og er for tida i språkpraksis hjå oss. Det er spennande, lærerikt og utfordrande. Hjå oss får han innblikk i norsk språk og arbeidsliv, samtidig som det gir eit fint avbrekk i ein elles omveltande livssituasjon. Avtalen er tosidig, utan vederlag for verken han eller oss. Det er krevjande når ein skal inkludere og samhandle utan felles språk, men til gjengjeld givande når alle partar er kreative og legg til rette som best ein kan. BG Suldal ønskjer å dele, yte og gi ved å tilby språkpraksis når me kan.

Me kan tilby arbeidsoppgåver som passar godt til hans kompetanse, samtidig som han får delta i vår drift, høyra daglegtale og vere med på mellom anna kalkulasjon, og synfaringar. Vinn - vinn for begge partar.

Dmytro er for tida i språkpraksis hjå oss