Fjellsikring i kabeltunnelar Ulla-Førre

Kunde:
Statkraft
Utført:
2023

Førebuande arbeid er alt godt igong hjå oss og i kabeltunnelane, men like over ferien skal fjellsikringsarbeida i kabeltunnelane Saurdal, Kvilldal og Hylen igong for fullt hjå Statkraft.

Det er tid for vedlikehald av tre av dei omlag 40 år gamle kabeltunnelane i Statkraft sine stasjonar ved Ulla-Førre.

 

Det vil bli nokre intense veker i august og september kor mange betongbilar skal frakta sprut-betongen frå morgon til kveld i dalføret, frå Mo til dei tre aktuelle lokasjonane.

 

Ilag med vår UE, Snemyr Betongsprøyting as, skal tunnelane blant anna vaskast, kablar vernast og fjellet sprøytast med betong.

 

Fjellsikringsarbeidet skal me i si heilheit stå for sjølv.

Når første sikrings-etappe er gjennomført skal fjellet i tunnelane sikrast med bolting.

 

Me går ein intens haust i møte med mykje godt lokalt arbeid!

Vårt bidrag

Fjellsikring

Fagområder

Fjellsikring

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.