
Miljøfyrtårsertifisert er eit konkret sertifiseringsverktøy og eit effektivt miljøleiingssystem – som skal hjelpe verksemder med å redusera miljøbelastninga, stimulera til grøn omstilling og auke konkurransekrafta.
Som del av miljøfyrtårn - bærekraftig, lønsam og god drift , er fokuset på miljø og natur ein vesentleg del av vår verksemd. Nedslagsfelt og prosjektgjennomføringar i eige distrikt, gjer at eigarskapen til natur og miljø er tett på oss.
Naturen er sårbar og skal takast omsyn til, og mange av dei prosjekta me byggjer ligg i verneområde, høghei og områder med relativt liten menneskepåverknad i det daglege.
Kunden og myndigheitene har ansvaret for kvar og korleis ein byggjer, men me vil ta omsyn til naturen ved at byggjeverksemda vår skal gi minst mulig varig påverknad på naturen rundt og fokus på korleis ein forlet områda det er bestemt å gjere tiltak i. Det same gjeld bruk av materialer, drivstoff og utføring av arbeid som har til hensikt å gi lang levetid med god kvalitet når ein byggjer, forlenge levetid og gi samfunnsnytte!
Me har plukka ut fem av FN sine overordna bærekraftsmål som BG Suldal AS kan påverke via våre val, vår drift, rådgiving og bevisstgjering hjå tilsette og kunden gjennom kvaliteten me leverer på alle våre leveransar.

