Prosjektleiing og planlegging

Kvinneleg anleggsleiar

Hjå oss finn du ei av landets få kvinnelege anleggsleiiarar.

Helen Moen Gjuvsland er utdanna sivilingeniør ved NTNU med fordjuping i veg- og samferdsel. Ho har arbeida i mange år for Statens vegvesen med problemstillingar innan transportanalyse, reisevanar, trafikktryggleik, trafikkregulering, rassikring, veg- og brubyggjing.

Kvalitet er viktig - detaljar, planlegging, logistikk, HMS og gode val for miljø og forbruk gir kunden eit produkt med lang levetid til rett kvalitet og pris.

Bergsprengar og anleggsleiar

Lars Roar Haaranes har fagbrev som mekanikar, men også fjell- og bergverk.

Han likar godt å ta ein tur og to i tippbilen med hengaren bak, men hjarte brenn for bergsprenging og fjellsikring. Lars Roar han mange års erfaring i lag med boreriggen Atlas copcoT30, og fjellsprengingsalvene er det han som bereknar og fyrer av.

Arbeidande formenn og planlegging

Drifta vår er organisert med arbeidande formenn.

Det gir eit tett og viktig bindeledd mellom dei som utfører den praktiske delen, og dei som planlegg, gjer innkjøp, dokumenterer og held den viktige kundekontakten i alle kundeforholda.

Kva organiserer og planlegg me? 

Å planleggja er ein kunst og treningssak. Ein må utvikla evner og kunnskap om å sjå heilskapen og alle dei avgjerande detaljane.

Overordna prosjektgjennomføringsplanar, detaljerte prosjektplanar, kalkulering og berekning av mengder og anbuds beskrivelsar, utfører landmålingsarbeid, risikovurderer.

Me er trent i alle typar entreprenør- og anleggsplanar: arbeidsvarslingsplanar, bemanning, riggplanar, vareleveranse, framdrift, ytremiljø, HMS og logistikk. Ytremiljøplanar, søknadar for tiltak i/nær vassdrag, naturverdikartleggjing, sprengingsplanar.

Me skal driva lønsamt og berekraftig for å byggje ei framtid i Suldal.

Kvinnelig anleggsleder
Me ønskjer fleire jenter i bransjen
Bygg- og betongfag
Anleggsmaskinfag
Administrasjon og rekneskap